Fra Vestnytt 14. juni 2003: Vandrarheim ved verdas ende Klikk på bildet for større |
Fra Vestnytt 14. juni 2003 v/ Karstein Sæverås:
Unik plassering: Anita Bakken og broren Rudi Bakken (til venstre) driv nyopna Øygarden Vandrerhjem på Hellesøy. Egil Drange frå Norske Vandrerhjem meiner staden har ein unik plassering, heilt ute ved havet og likevel berre ein time frå byen. |
1. juni fekk Øygarden den første vandrarheimen i Region Vest, ytst
mot havet på Hellesøy. Målet er å skapa ein uformell møtestad for
turistar og folk lokalt. Verdas ende Dette vert ein prøvesesong for oss, der me først må komma oss opp og stå. Det er nytt med vandrarheim her ute, men ein stor styrke for oss å vera del av eit nettverk med tradisjoner og rutiner, seier Anita Bakken. Det
er familieselskapet Heba AS, der også ektemann Asbjørn Hellesøy er med,
som eig kafeén og driv vandrarheimen. Det er investert for kring sju
millionar kroner i båtar og hus, i mars vart kjøkkenet bygd om før
kafeen opna i april. Nokre rom er bygd om for å passa til profilen, men
her er ingen sovesalar og altan til alle rom. Då VestNytt vitja den nye
vandrarheimen, var også Egil Drange frå Norske Vandrerhjem tilstades ved
anlegget like ved Hellesøy hamn. — Me har mange vandrarheimar på Vestlandet, men dei fleste ligg i den indre delen der tradisjonane for turisme er større. Men den ytre delen er vel så interessesant, og lokaliseringa her ute i havgapet er heilt fantastisk. Her er ein berre 70 kilometer frå Bergen by, og likevel ved verdas ende, seier ein entusiastisk Egil Drange. |
Han ser likevel at Hellesøy ikkje akkurat ligg i
noko turistløype, staden må marknadsførast med natur og aktivitetar.
Ein er allreie i gang med båtutleige, og har fleire idear. —
Her har ein Kystmuseet i nær1eiken og mange ressursar i
lokalsamfunnet, noko som også kan opna for pedagogisk program og tilbod
retta mot skulane utanfor sesongen, seier Drange. I ein slik samanheng er
det ein fordel at Norske Vandrerhjem er sjølvpålagd alkoholfrie, noko
Drange meiner er ein fordel i høve til unge brukarar. Kystmat Dette er likevel ingen fråhaldsstad der ein
sjekkar posane til gjestene, ein serverer berre ikkje alkohol. Også Anita
Bakkeri meinar at skjenking er ein overvurdert faktor for ein stad som
dette, til skilnad frå eitt hotell eller ein —
Me driv ein kafe med middagsservering til sem ettermiddag, og
der er svært få som så langt har ønska vin eller øl til maten. Me
satsar heller på ein profil med tradisjonell kystmat, kvardagsmat av fisk
som me dreg på fjorden her, seier Bakken, som garanterer at fiskesuppa er
verkeleg heimelaga. Fiske er tydeleg også trekkplaster for to tyskarar
på veg til moloen, rusta til fiske frå topp til tå. Det summar allereie
av fleire tungemål på Hellesøy, der ein no absolutt er del av ei
internasjonalt fellesskap. Norske Vandrerhjem er del av eit nettverk med
overnattingsstader over heile verda, som kvar stad dreg nytte av. —
Me har gjester frå ulike verdsdelar og mange godt vaksne som no
kjem attende til vandrarheimane. Pris er nok ein faktor, men her er lett
å komma i kontakt med folk og truleg er den uformelle atmosfæra vel så
viktig, meiner Egil Drange. KARSTEIN SÆVERÅS karstein@vestnytt.no 30.01.13
|
Tilbake til Auto Inform Se bilder fra Vandrerhjem (Tidligere Gjestetunet)
og/eller kafé. Link til Norske Vandrerhjem 1933 -2003 klikk her
Dvs bilder - tilbakeblikk Hellesøy klikk her
Se ny side fra juni 2004